Norsk dans møter indisk dans

6-7 år, onsdagar, kl.14.00-16.00, Møllergata skule

Barna skal ver med på eit møte og ei framsyning mellom Halling, indisk dans og bangla.

Framsyning: 12. juni kl. 16.30, Møllergata skule

Ny forestilling 14. november Leikarringen sitt jubileum!

 

Instruktørar: Lavleen Kaur og Simon Løvald

Rosa Panter Rommen AKS

7-10 år, Onsdag, kl. 14.00-16.00, Rommen skule

ROSA Panter er ei kort visning som tar utgangspunkt i temamusikken til den berømte detektiven. To grupper med AKS-elever skal, gjennom dans og teater, vise arbeidet vi har gjort dette vårsemesteret.

 

Intruktørar: Morten Olaussen og Edwin Alberto Cabascango

TysdagsEventyr

8-12 år, tysdag, Interkulturelt Museum på Grønland

I samarbeid med Maimuna Sey har Sarah nylig startet en gruppe på Grønland. Gruppen er for barn i alder 8-12. Vi jobber med eventyr, poesi og musikk. 

 

Intruktør: Sarah Camille, Maimuna Sey

TysdagsPoesi

9-12 år, tysdag

10 barn i alderen 9–12 år har skapt poesi i samspel med Sarah Camille. Dei utviklar tekstar, dikt og dialog om vennskap, ting de ser i naturen, personlegdommar på fjernsyn som dei draumar om å vere, og familie.

 

Intruktør: Sarah Camille

Teater Rosenkrantz

10-12 år, tysdagar, kl. 17.00-18.30 (Nordahl Bruns gate 22: Same hus som Bygdelagssamskipnaden)

Teater Rosenkrantz er ei teatergruppe med barn som kjem frå heile Oslo. Denne hausten har vi fokus på grunnleggande teaterferdighetar samarbeid, dialog, improvisasjon, musikk/rytmikk, scenisk handling og å skape eit trygt og godt miljø i gruppa.

Instruktør: Morten Olaussen og Jane Kelly

Gullfebla

10-13 år, torsdagar 16.30-18.30

Gruppa skal komme tilbake i februar 2020.
Framsyninga er laga med inspirasjon frå folkeeventyr,

Les meir om framsyninga her: Gullfebla

Regi Erlend Samnøen

Dustefjerten og den store sommarferieturen

10-14 år

Karakterane i «Dustefjerten og den store sommarferieturen» bur i eit lite land ved ein bekk. Der bur dei i små skeive hus og i hòl i fjellet. Ein dag kjem sommarfuglen fykande, og då veit dei at sommaren er komen. Då er det på tide å reise på ferie. Men det er ikkje berre å kome seg av garde – Bollefisen ligg under senga si og er lei seg. Dustefjerten vil eigentleg vere heime og kaste steinar i bekken. Kavringreven og Oktava kranglar om kor dei skal reise. Holesnusken vil dra på ferie på eiga hand. Og andungen held ikkje ut å vente, han vil kome seg av garde så fort som mogeleg.

Til slutt blir dei einige om å reise til Utlandet. Og korleis blir ferien? Kjem dei til Utlandet? Blir det fint vêr, eller berre regn? Blir nokon stukke av ein veps? Og kva skjer når Andungen ramlar ned ei skråning?

Dustefjerten og den store sommarferieturen er ei framsyning om samhald; det å kjenne seg som ein del av ei gruppe, det å ikkje kjenne seg som ein del av ei gruppe, det å ynskje å være ein del av ei gruppe og det å ikkje klare å vere ein del av ei gruppe. Og så handlar det om undringa ved å skjøne at ein er i ferd med å bli vaksen, og det å våge å snakke om at noko er i ferd med å endre seg.
Og sjølvsagt handlar det om det å reise på ferie – at ferien sjeldan blir slik ein hadde tenkt. Men kan ferien bli bra, sjølv om den blir veldig annleis enn det ein hadde tenkt?
Av Rune Belsvik

 

Dustefjerten og den store sommarferieturen er først aktuell for sommeren 2020.

Dramatisert og regi: Erlend Samnøen

R-stars

10-12 år

JA/NEI R-stars handler om mobbing og det å være innafor eller utenfor. Tematikkene er det elevene som har valgt og materialet for visningen er arbeidet frem i samarbeid med elevene gjennom samtale, og arbeid på gulvet.

Visning: 19. juni, kl.16.00-16.3, Rommen scene

Intruktør: Edwin Cabascangois, Morten Olaussen

Vi er verda

10-22 år

50 jenter i alderen 10–22 år frå Det Norske Jentekor og Den mangfaldige scenen har urframføring av verket Vi er verda.Teksten er skrive av Jon Fosse og er henta frå opninga av teaterstykket Desse auga og musikken er komponert av Ørjan Matre.

Eg er her
Alltid er eg her
Ganske kort pause
Og eg har alltid
vore her
ganske kort pause
men likevel
ganske kort pause
eg må jo eingong
ha kome hit
ganske kort pause
eg kom hit
ganske kort pause
og så var eg her
Og så er eg her

Premieren finn stad i eit av dei beste romma for kor og kammermusikk i Oslo, i det huset Jon Fosse i 2014 ga namnet Nynorskens hus.

Dirigent: Anne Karin Sundal-Ask
Koreografi: Erlend Samnøen
Produsert av Den mangfaldige scenen og Det Norske Jentekor
Ørjan Matre studerte komposisjon ved Norges musikkhøgskole,  og skrive verk for ensemble frå kor via kammermusikk til fullt symfoniorkester.

Det Norske Jentekor er Noregs leiande jentekor med over 100 songarar. Dei har utmerka seg nasjonalt og internasjonalt for sitt arbeid med folkemusikk og samtidsmusikk og har eit stort repertoar med nynorske tekstar. Vi er verda er den første Fosse teksten koret framfører.

Korets dirigent Anne Karin Sundal-Ask har vore dirigent i Jentekoret sidan 2005. Ho har dirigert fleire av Noregs ledande kor. Ho har saman med desse tinga ei stor mengde komposisjonar frå landets ledande komponistar.

 

Regi: Erlend Samnøen

Brumletrollet

13-16 år

Sarah jobber med en større produksjon med arbeidstittel «Brumletrollet». Produksjonen har premiere høst 2020. Utøverne vil være unge i alder 13-16 år. 

 

Intruktørar: Sarah Camille

Please reload

Den mangfaldige scenen

Barne- og ungdomsteater

Leiar Liv Hege Skagestad: 480 99 709

Rosenkrantz' gate 8, 0159 Oslo

©2017 DEN MANGFALDIGE SCENEN AS. ORGNR. 912583813