Linnea Sundfær Haug

har master i blokkfløyte frå Norges musikkhøgskole og Hochschule für Musik und Theater Hamburg. Ho har også fått songundervisning ved begge institusjonane ved mellom anna Mona Julsrud og Isolde Kittel-Zerer. Linnéa har sunge og spelt på festivalar som Nordlysfestivalen, Olavsfestdagene og Ultimafestivalen, i tillegg til å ha gjort solokonsertar både som blokkfløytist og songar i mellom anna Barcelona, Paris, Oxford, London og Hamburg. Linnéa har dirigert suppleantgruppa i Det Norske Jentekor sidan hausten 2013. Her er ho ansvarleg for notelære og gehørtrening, og for å innstudere Hovedkorets standardrepertoar. Linnéa er fast dirigent for Solbarna kor ved Møllergata skole.

Den mangfaldige scenen

Barne- og ungdomsteater

Leiar Liv Hege Skagestad: 480 99 709

Rosenkrantz' gate 8, 0159 Oslo

©2017 DEN MANGFALDIGE SCENEN AS. ORGNR. 912583813