top of page

8. mars: Lansering av Lesebok for jenter

Lesebok for jenter.

Frå Homer til The Hunger Games

Ved Solveig Aareskjold

Tid: Laurdag 8. mars kl. 12.00

Stad: Det Norske Teatret, Bikuben, 2. etasje

Tøffe jenter gjennom alle tider!

Gjennom alle tider har det vore tøffe og sterke jenter, men vi har nesten ikkje høyrt om dei. Det er på høg tid å trekke fram litteratur med jenter i hovudrolla.

Solveig Aareskjold har samla eit knippe forteljingar frå litteraturen og historia i Lesebok for jenter. Frå Homer til The Hunger games. Her er historier frå antikken, romartida, vikingtida, dei siste hundreåra og i dag.

Boka blir lansert på kvinnedagen 8. mars, i samarbeid med Den mangfaldige Scenen, Samlaget og Det Norske Teatret. Vi får høyre utdrag av fire ulike forteljingar om lojalitet, makt, empati og mot. Forfattar Solveig Aareskjold vil sjølv introdusere.

Boksal og signering.

Om forfattaren:

Solveig Aareskjold (f. 1949) er forfattar og har i ei årrekkje arbeidd med å gjere eldre litteratur kjend for vår tids lesarar. Sist utkomne bok er Valkyrjesong.Vikingtida i spenn frå Bysants til Island (2012).

Jentene som er med:

Thea Amalie Olsen Moen (17), Juliet Kvam (15), Marcella Reyes (13), Camara Lundestad Joof (25) og Ragnhild Hilt (68).

Kunstnarisk rådgjevar: Elisabeth Sand.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Handlekraft, identitet, sjølvrealisering, lojalitet, ære, makt, fantasi, empati, skam, frigjering, omsorg og mot!

siste nytt
ARKIV
bottom of page