top of page

Pavlovs tispe på Stadsteatren


Camara Joof har saman med regissør Kai Johnsen utvikla ei framsyning som handlar om hendingar i Camaras eige liv, der ho har kome til kort eller gptt for langt. Ei morsom å seriøs framsyning om utanforskapets konsekvensar. Framsyninga er ei personleg reise gjennom eit kulturelt vegkryss, frå ungdomstid i Sandefjord, via Oslo ut i verda og tilbake igjen. Tekstane handlar mellon anna om kva for blikk vi ser hvarandre med, om språk og makt og om korleis verda formar identiteten vår. Korleis navigerer ei ung, farga, biseksuell norsk kvinne seg i dagens samfunn?

Joof skal har siden 2016 spelt 184 framsyningar på vidaregåande skuler gjennom Den kulturelle skulesekken, og i Norden. Hausten 2017 er Pavlovs tispe på Statdsteatren i Stockholm der ho skal spele 40 framsyningar. Produsert av Den mangfaldige scenen i samarbeid med Brageteatret og Nynorskens hus.

Dette er første gang Stadsteatren/Skârholmen inviterer eit gjestespel for ein så lang periode.

Pavlovs tispe er produsert av Den mangfaldige scenen i samarbeid med Brageteatret og Nynorskens hus.

Camara Joof/Den mangfaldige scenen har i tillegg stått bak den dansk/norske utstillinga «Venteværelset» der 6 ungdom som har mor eller far i fengsel uttrykker seg.

Camara Joof/Den mangfaldige scenen har også vore samarbeidspart i det norsk/svenske/danske prosjektet «Somalisk scene» der tekstar/uttrykk av og med somalisk ungdom blir satt på scenen. Prosjektet er støtta av Nordisk kulturfond.

Leiaren for det danske kulturfondet, Ditta Maria Bjerg har uttalt følgjande

«Udvalget er overbevist om at Den mangfaldiga scenens erfaringer og arbejdsmetoder i forhold til børn og unge med minoritetsbaggrund kan befrugte og inspirere dansk børneteater»

Camara Joof har også uttalt følgjande:

«Den mangfaldige scenen er ett sted man får vokse opp-jeg har vært der i ti år, med mulighet for å starte som barn og så som ungdom, få være instruktør, og til slutt profesjonell utøver. Og hvor viktig – i den flate strukturen- det har vært at DMS har tatt inn unge mennesker som får definere teatret selv, i samarbeid med menotorer. Det skaper relevant og aktuell kunst for unge, av unge.»

siste nytt
ARKIV
bottom of page