top of page

11 år

Framsyninga hausta sterke kritikkar og skal bli spelt på nytt våren 2018.

Ei historie om kjærleik, einsemd og forskyving av ansvar.

Ein ung lærar opplever at ein av elevane, ei elleve år gamal jente, blir utsett for ei skjebnesvanger hending. No skal læraren møte foreldra og rektoren ved skolen. I veska har ho noko ho har gløymd å fortelje om.

Det handlar om kvardagen; dei dagane det er flest av. Vi er i skolegarden og situasjonen er velkjent for dei fleste. Eitt av barna ved skolen har lenge følt seg utestengt. No blir kvardagen hennar sakte nøsta opp. Kven har skulda for den fatale handlinga til elleveåringen? Kan ein peike i ei retning, kan ein legge skulda på ein person eller instans? Mora har behov for å vite den fulle sanninga. Men kven si sanning er det? Og korleis kan ein leve vidare med det som har skjedd? Som foreldre? Som lærar?

Publikum er vitne

I 11 ÅR flyttar regiduoen inn på Det Norske Teatrets Hovudscene. Publikum blir plasserte på 4 meter høge stillas. Herifrå kan dei kikke ned i ein skolegard med klatrestativ, husker og sittegrupper. Ved hjelp av øyretelefonar kan publikum samstundes følgje dialogen i eitt av klasseromma på skolen.

Framsyninga fortel ikkje historia om eitt barn, men er basert på intervju med fleire foreldre, barn, tilsette i skolen og forskarar. Ut frå dette materialet har Goksøyr & Martens skrive ei historie som speler seg ut over to timar ein ettermiddag om hausten.

Goksøyr & Martens

Kompaniet blei etablert i 1997 av Toril Goksøyr og Camilla Martens. Dei nyttar dokumentariske strategiar i arbeidet, autentiske element som knyter kunsten til røyndomen. Goksøyr & Martens har vist framsyningane sine på Samtidsmuseet, Nationaltheatret, Johannesburg Art Gallery, Teaterfestivalen i Avignon, Schaubühne i Berlin, Art saloon Belgrade, Liverpool-biennalen og Venezia-biennalen.

Goksøyr & Martens er støtta av Norsk kulturråd, Fritt Ord og Bergesenstiftelsen. Prosjektet er utvikla ved Dramatikkens hus.

Dei fleste barna som er med i stykket er rekrutterte frå Den mangfaldige scenen og Møllergata skole.

NB: Vi gjer merksame på at framsyninga har ei annleis tribune enn det vi vanlegvis har på teatret. Publikum sit på eit fire meter høgt stillas og ser ned på scenen.

Tags:

siste nytt
ARKIV
bottom of page