Bli med – stå – løp – hopp!

17.11.2017

Teater – frå eige uttrykk og stemme til ei framsyning med Shwan Wahed.

 

I denne gruppa tar vi utgangspunkt i den stemma du har og dei uttrykka og interessene du bringer med deg. Du utviklar evnene dine som skodespelar og forteljar. Gruppa skal jobbe med bevegelse, dans, musikk, tekst, improvisasjon, ensemblearbeid og ulike metodar for å gå inn og ut av karakterar.

 

Alder: 12–26 år

Øvingane er på Det Norske Teatret tysdagar kl. 18.00–21.00

Oppstart: 17. oktober 2017

Arbeidet endar med ei framsyning våren 2018.

Kurset er gratis når du er medlem i Den mangfaldige scenen (medlemskap kostar kr. 50,- i året).

 

Instruktør: Shwan Wahed. Han er sosiolog, regissør, musikar og dramatikar og skal leie arbeidet. Hans draum er å byggje bruer mellom menneske og kulturar.

 

Send ein e-post til post@mangfaldige.no med namn, alder, telefonnummer og nokre setningar om kvifor du vil vere med på kurset. Skriv «EIGET UTTRYKK» i emnefeltet.

Share on Facebook
Share on Twitter
Please reload

siste nytt
Please reload

ARKIV
Please reload

Den mangfaldige scenen

Barne- og ungdomsteater

Leiar Liv Hege Skagestad: 480 99 709

Rosenkrantz' gate 8, 0159 Oslo

©2017 DEN MANGFALDIGE SCENEN AS. ORGNR. 912583813