11 ÅR på Teaterfestivalen i Fjaler

22.08.2018

Framsyninga hausta sterke kritikkar og skal bli spelt på Teaterfestivalen i Fjaler.

 

LAURDAG 15. 09. KL. 15.00. TRUDVANG

SØNDAG 16. 09.KL. 12.00. TRUDVANG

 

Ei historie om kjærleik, einsemd og forskyving av ansvar.

 

Ein ung lærar opplever at ein av elevane, ei elleve år gamal jente, blir utsett for ei skjebnesvanger hending. No skal læraren møte foreldra og rektoren ved skolen. I veska har ho noko ho har gløymd å fortelje om.

 

Det handlar om kvardagen; dei dagane det er flest av. Vi er i skolegarden og situasjonen er velkjent for dei fleste. Eitt av barna ved skolen har lenge følt seg utestengt. No blir kvardagen hennar sakte nøsta opp. Kven har skulda for den fatale handlinga til elleveåringen? Kan ein peike i ei retning, kan ein legge skulda på ein person eller instans? Mora har behov for å vite den fulle sanninga. Men kven si sanning er det? Og korleis kan ein leve vidare med det som har skjedd? Som foreldre? Som lærar?

 

Om festivalen

Fjaler er ein liten kommune i Sogn og Fjordane med knappe 3000 innbyggarar. Kommunesenteret ligg i den vesle bygda Dale i Sunnfjord, og mykje av festivalen går føre seg her. Den fyrste Teaterfestivalen i Fjaler vart arrangert i 2013, og har gått av stabelen kvart år i september sidan.

 

MEIR INFO OG KJØP BILLETT: http://teaterfestivalenifjaler.no/11år.html

Tags:

Share on Facebook
Share on Twitter
Please reload

siste nytt
Please reload

ARKIV
Please reload

Den mangfaldige scenen

Barne- og ungdomsteater

Leiar Liv Hege Skagestad: 480 99 709

Rosenkrantz' gate 8, 0159 Oslo

©2017 DEN MANGFALDIGE SCENEN AS. ORGNR. 912583813