top of page

Den internasjonale Fossefestivalen 2019


Frå 6. til 15. september kjem diktinga til Jon Fosse til å krype inn i kvar krå på Det Norske Teatret. Under Den internasjonale Fossefestivalen blir det framsyningar på alle scenar, gjestespel frå Japan, Russland og Frankrike og eit innhaldsrikt seminarprogram.

Den internasjonale Fossefestivalen markerer at det i 2019 er 25 år sidan Jon Fosse debuterte som dramatikar, og i september fyller diktaren 60 år. Bli med på feiringa over ti dagar på Det Norske Teatret.

Festivalen er arrangert av Det Norske Teatret og Samlaget i samarbeid med Colombine teaterförlag.

--

The International Fosse Festival 2019

Between the 6th and 15th of September the words of Jon Fosse will permeate all corners of the Norwegian Theatre. During the International Fosse Festival performances will take place on all stages, with guest performances from Japan, Russia and France, plus an extensive programme of seminars.

The International Fosse Festival in 2019 celebrates the 25th anniversary of Jon Fosse’s debut as a dramatist, and it will be his 60th birthday in September. Join us at Det Norske Teatret for ten days of celebrations.

Den mangfaldige scenen deltek på følgjande hendingar:

15. september kl. 15:00

Nynorskens hus

50 jenter i alderen 10–22 år frå Det Norske Jentekor og Den mangfaldige scenen har urframføring av verket Vi er verda. Teksten er skrive av Jon Fosse og er henta frå opninga av teaterstykket Desse auga og musikken er komponert av Ørjan Matre. Premieren finn stad i eit av dei beste romma for kor og kammermusikk i Oslo, i det huset Jon Fosse i 2014 ga namnet Nynorskens hus.

Dirigent: Anne Karin Sundal-Ask Koreografi: Erlend Samnøen

Foto: Darja Olsevskaja

15. september kl. 19:00

Nynorskens hus

Framsyninga er vår fysiske tolking av Jon Fosse si nye bok Septologien, på eit vis der ingen er hovudpersonar, men heller små brikker som til saman fortel om menneskeleg relasjon. Som fortel om kva konsekvensar det har når to sjeler møtest. Korleis ein fysisk kropp kan reagere på det å sjå, møte og røre ein annan kropp.

Utøvarar:

Dansarar: Luana Battisteli, Eline Olsen, Dagmara Moslowska, Synne Erichsen

Skodespelar: Emil Rodrigo Jørgensen

Musikar: Joel Ring

Koreograf: Edwin A. Cabascango

Kor: Songlaget i BUL med urframføring av Auge i vind, tekst: Jon Fosse, komposisjon: Liv Ulvik, dirigent: Mari Tveito

Framsyninga varer i 35 minutt

siste nytt
ARKIV
bottom of page