Dustefjerten og den store sommarferieturen

25.06.2019

17.06.2019-21.06.2019

Nynorskens hus

 

«Dustefjerten og den store sommarferieturen» hadde i alt 6 framsyningar i perioden.

 

Karakterane i «Dustefjerten og den store sommarferieturen» bur i eit lite land ved ein bekk. Der bur dei i små skeive hus og i hòl i fjellet. Ein dag kjem sommarfuglen fykande, og då veit dei at sommaren er komen. Då er det på tide å reise på ferie. Men det er ikkje berre å kome seg av garde – Bollefisen ligg under senga si og er lei seg. Dustefjerten vil eigentleg vere heime og kaste steinar i bekken. Kavringreven og Oktava kranglar om kor dei skal reise. Holesnusken vil dra på ferie på eiga hand. Og andungen held ikkje ut å vente, han vil kome seg av garde så fort som mogeleg.

Til slutt blir dei einige om å reise til Utlandet. Og korleis blir ferien? Kjem dei til Utlandet? Blir det fint vêr, eller berre regn? Blir nokon stukke av ein veps? Og kva skjer når Andungen ramlar ned ei skråning?

Dustefjerten og den store sommarferieturen er ei framsyning om samhald; det å kjenne seg som ein del av ei gruppe, det å ikkje kjenne seg som ein del av ei gruppe, det å ynskje å være ein del av ei gruppe og det å ikkje klare å vere ein del av ei gruppe. Og så handlar det om undringa ved å skjøne at ein er i ferd med å bli vaksen, og det å våge å snakke om at noko er i ferd med å endre seg.
Og sjølvsagt handlar det om det å reise på ferie – at ferien sjeldan blir slik ein hadde tenkt. Men kan ferien bli bra, sjølv om den blir veldig annleis enn det ein hadde tenkt?
Av Rune Belsvik

Dramatisert og regi: Erlend Samnøen

 

Share on Facebook
Share on Twitter
Please reload

siste nytt
Please reload

ARKIV
Please reload

Den mangfaldige scenen

Barne- og ungdomsteater

Leiar Liv Hege Skagestad: 480 99 709

Rosenkrantz' gate 8, 0159 Oslo

©2017 DEN MANGFALDIGE SCENEN AS. ORGNR. 912583813