Jakob Sande møter Jon Fosse i Dale

17.08.2019

Laurdag 17. august bør du ta turen til Dale. Då kan du sjå både lokal ungdom prøve seg som skodespelarar og dansarar samt få ein smakebit på Jon Fosse sitt siste verk.

 

Denne veka har det vore sommarverkstad i dans, teater og musikk for born og unge i Dale, med engasjerte deltakarar frå både Dale, Holmedal og Stongfjorden. 

 

Borna har jobba iherdig saman med ein koreograf, ein musikar og ein skodespelarar frå Den Mangfaldige Scenen. Dei har lært om rørsle, rytmar og samspel og dei har utforska Jakob Sande sine tekstar. 

 

Tekst til rørsle

 

Laurdag 17. august blir det framsyning i den nye dansesalen ved idrettshallen i Dale kl. 18:00. Det er eit gratis arrangement der alle er velkomne! 

 

Der får du sjå kva deltakarane i sommarverkstaden har lært denne veka. Deretter viser vi eit work in progress, altså eit utdrag av arbeidet så langt, av stykket «Minutt til Solnedgang» frå Den Mangfaldige Scenen.

 

Framsyninga er vår fysiske tolking av Jon Fosse si nye bok Septologien, på eit vis der ingen er hovudpersonar, men heller små brikker som til saman fortel om menneskelege relasjonar, seier koreograf Edwin A. Cabascango.

 

Dette er verdas første oppsetting der denne Fosse teksten blir tatt i bruk. Urpremieren er under den internasjonale Fosse-festivalen i

 

hus i Oslo den 15. september, men laurdag er aller første gong nokon får oppleve utdrag av teksten og møte med den på ei scene. 

 

Skal lage senter for forteljekunst

 

Sommarverkstaden blir arrangert i samarbeid mellom Den Mangfaldige Scenen, Fjaler kommune og Jakob Sande-selskapet. Verkstaden er del av forarbeidet med å etablere eit senter for forteljekunst med utgangspunkt i arven etter Jakob Sande. I senteret er det blant anna tenkt eit barne- ungdomsteater som skal jobbe med ulike kunstnarlege utrykk, nynorsk språk og skape møte med Sande si dikting og andre forfattarar på Vestlandet. 

 

«Jakob Sande meiner eg er undervurdert som diktar, dei beste dikta hans er mellom det beste skrive på norsk, til dømes «Då Gud heldt fest i Fjaler»

Jon Fosse  - 2018

Foto: Darja Olsevskaja

Share on Facebook
Share on Twitter
Please reload

siste nytt
Please reload

ARKIV
Please reload

Den mangfaldige scenen

Barne- og ungdomsteater

Leiar Liv Hege Skagestad: 480 99 709

Rosenkrantz' gate 8, 0159 Oslo

©2017 DEN MANGFALDIGE SCENEN AS. ORGNR. 912583813