Helgekurs i teater – For elevar frå 13-18 år ved Den tyske norske skolen i Oslo


Den mangfaldige scenen har i samarbeid med Den tyske norske skolen i Oslo gleda av å gi eit tilbod innan teater til elevar frå 13-18 årved skulen.

I første omgang vil vi arrangere eit helgekurs 22-24. november 2019.

Instruktørar

Koreograf, instruktør og pedagog Edwin Cabascango

Skodespelar, kostymedesignar og pedagog Nina von Arx

Leiar av Den mangfaldige scenen Liv Hege Skagestad vil også møte ungdommen.

Innhald

Kurset skal være eit møte mellom ungdommens eigne uttrykk, bevegelse og tekst, poesi.

Kurset vil ende i ei visning sundag 24. november kl. 16.00 i Halli, Nordal Brunsgate 22, Oslo.

Dei som er med vil få eit tilbod om å vere med i andre kurs ved Den mangfaldige scenen frå januar 2020.

Tidspunkt

Fredag 22. november kl. 17.00-20.30 i Nynorskens hus, Rosenkrantzgate 8

Laurdag 23. november kl. 10.00-17.00 i Nynorskens hus, Rosenkrantzgate 8

Sundag 24. november kl. 10.00-17.00 i Bygdelagssamskipnaden, Nordal Brunsgate 22

Kursavgift og påmelding

Kursavgift kr 500,-

Påmelding: send e-post til blimed@mangfaldige.no med emne "HELGEKURS" innan 17. november.

Det er plass til 15 på kurset, dei som melder seg på først får plass.

Det kan vere aktuelt med fleire kurs tidleg 2020 om påmeldinga er stor.

siste nytt
ARKIV

Den mangfaldige scenen

Barne- og ungdomsteater

Leiar Liv Hege Skagestad: 480 99 709

Rosenkrantz' gate 8, 0159 Oslo

©2017 DEN MANGFALDIGE SCENEN AS. ORGNR. 912583813