Er mikrofonen min på?
Oppdatert: 12. okt. 2023

Framsyninga Er mikrofonen min på er eit samarbeid mellom Den Mangfaldige Scenen, Det Norske Teatret, Den unge scenen og har premiere på Rommen Scene 26.10. Ungdom frå Den Mangfaldige Scenen er med i framsyninga og vår eigen Jon Werede Hope har koreografien.
Ei gruppe ungdomar tek eit oppgjer med tidlegare generasjonar. Klimaendringane er allereie store, men ungdomane veit at det verste ligg framfor dei. Kven har ansvaret? Og kor går vegen vidare?
Er mikrofonen min på? handlar om unge menneske som vil bli høyrde, men som først og fremst vil starte ein samtale og handle - før det er for seint. Medan ungdomane konfronterer dei vaksne om deira tiltaksløyse, presser deira eigne dystopiske mareritt og frykt for framtida på frå innsida. Kva skal dei seie til generasjonen som kjem etter dei igjen? Til dyra? Til naturen? Til sine eigne barn?
Vi vel ikkje å bli fødde, men vi kan velje å leve. PÅ SCENEN Nnennaya Sofie Ezimoha Olimb, Saara Siplïa-Kristoffersen, Oda Garnås Paaske, Magnús Blöndal Jóhansson, Melina Ismini Karantonis, Adanne Lin-Ji Ezimoha Sætereie, Aksel Olaf Knarvik Hørnes
Regissør: Alva Kaisa Odden Langedok
Visuelt ansvarleg: Deepa Veronica Andersen
Koreograf: Jon Werede Hope
Inspisient: Alva Kaisa Odden Langedok
Sceneansvarleg: Øyvin Løype
Comments