Jubileumsfest med Kjartan Fløgstad
Fredag 27.09 klokka 18:00 deltar Den Mangfaldige Scenen på jubileumsfesten til Kjartan Fløgstad på Nynorskens hus, ein festkveld for å feire 80-årsjubileet. Det vil bli samtale med Kjartan Fløgstad og Vemund Knudsen, sang ved sosialistisk kor og Lars Klevstrand og Den Mangfaldige Scenen bidrar med diktlesing og musikk.
Frå DMS er det Melina Ismini Karantonis og Wajahat Hussain som vil lese til tonar spelt av instruktør og kunstnarleg leiar i DMS Shwan Wahed.
Melina går på vidaregåande skule kor ho studerar litteraturfordjuping og skriv poesi. Ho har heldt på med teater i 10 år. I dei siste årene har ho spilt på Den Mangfaldige Scenen og på Det Norske Teateret.
Wajahat har jobba med teater i 6 år, kor 4 år har vore med Den Mangfaldige Scenen som ein del av Måndagsgruppa til Shwan Wahed. Han har som fokus å jobbe førebyggjande retta mot ungdom, mellom anna gjennom teaterworkshoper.
Meir om jubileumsfesten kan du lese her.
Comments