La Mølla leve!
- jonwerede
- 13. mai
- 2 min lesing
Oppdatert: 30. mai
Ved 150 års jubileet til Møllergata skule i 2011 var Møllergata skule trua av nedlegging, og då stod alle elevane ved skulen på scenen og fortalte historia til skulen og byen og song ut La Mølla leve. Denne gongen blei ikkje skulen lagt ned, den eldste byskulen i Oslo blei derimot freda av Riksantikvaren i 2017. Men no er Møllergata skule igjen trua av nedlegging grunna færre elevar.
Vi har fått høve til å samarbeide med Møllergata skule sidan 2007 og i alle desse åra har vi opplevd følgjande: Når du går inn porten møter du frie, glade barn som gjerne spør kven du er. Her møter du skuletilsette som i ein hektisk kvardag ser kvar og ein, liten og vaksen, slik at det er såre enkelt å kjenner seg heime og bli del av eit fellesskap. Her opplever vi at latteren sit laust, og barna er trygge og lyttande og nysgjerrige. Og frå kjøkken duftar det av dei nydelegaste rettar. Historia til Møllergata skule, og arven frå ei tid der danning var sentralt i bygginga i Noreg sit i veggane og er ei inspirasjonskjelde. På Møllergata er danning og utdanning sterkt knytt saman.
Vi meiner skulen utmerkar seg som ein føregangsskule der barna som ein naturleg del av kvardagen har fått møte ulike kunstformer. Dei lærer, skaper og er publikum. Dette skjer på skulen eller i kunstinstitusjonar, som t.d. Nynorskens hus og Det Norske Teatret. Slik får barna sine mangfaldige evner springe ut, nye fellesskap blir danna og barna får møte tilbodet som er i byen. Både i skuletid og i AKS-tid har elevar på ulike trinn og i spesialklasser mellom anna fått utfolde seg på scenen med skodespel, song og rørsle. Her blir det dansa halling og indisk dans, her syng dei på arabisk og nynorsk, her framfører elvane eigne tekstar og tekstar skrive av etablerte forfattarar, her fortel dei historier, her er utstillinga om ei berekraftig framtid og her er lekande læring. Også denne hausten skal barna bidra til feiring av nobelprisvinnar Jon Fosse, det er elevane på Møllergata skule som har teikna hundane som viser veg.
Takk til Møllergata skule som med glede og arbeid gir barn høve til å utvikle sine mangfaldige evner, og bygger fellesskap i sentrum av hovudstaden.
La dei små skulane få halde fram å vise veg. Fred Mølla! La Mølla leve!
Comments