top of page
Personvern             only in norwegian

Kontaktskjema / påmelding kurs

 

For sikre god service og korrekt oppfølging av kontaktskjema/påmelding, lagrar vi følgjande opplysningar om deg:
Namn, postadresse, telefon/mobilnummer, e-postadresse, fødselsdato.

Typen informasjon vil variere, og vi prøver vårt beste for å (1) berre hente inn relevant informasjon for arrangementet/kurset/kontakten; (2) oppbevare personopplysningane på forsvarleg vis; (3) passe på at personopplysningane ikkje blir brukt til andre føremål enn å administrere arrangementet/kurset/kontakten og (4) slette alle opplysningane når vi ikkje har bruk for dei lenger.

 

Bruk av informasjonskapslar (cookies)

 

For å gjere brukaropplevinga di funksjonell og positiv bruker nettstadene våre (mangfaldige.no) såkalla cookies eller informasjonskapslar og Google Analytics.
Google Analytics brukar informasjonskapslar/cookies (små tekstfiler som nettstaden lagrar på brukaren si datamaskin), som registrerer IP-adresse, og som gir informasjon om korleis den enkelte brukaren beveger seg på nett. Nettstaden er sikkerheitssertifisert og bruken av informasjonskapslar gjer det lettare for deg å manøvrere mellom reine informasjonssider.
Nettstaden til Den Mangfaldige Scenen følgjer dei til ei kvar tid gjeldande reglar, i samsvar med norsk og europeisk lov i høve til personvern (GDPR).

 

Vi lagrar ikkje sensitive opplysningar, berre informasjon som er relevant for å oppfylle våre plikter i høve til deg som vår kunde. Ingen av informasjonskapslane gjer at vi kan knytte informasjon om din bruk av nettstaden til deg som enkeltperson. Du kan sjølv endra innstillingar i nettlesaren din dersom du ikkje vil at informasjonskapslar blir lagra.

 

Nyheitsbrevet

 

Nyheitsbrevet vårt blir berre sendt dei som aktivt har gitt samtykke til å motta e-post frå oss.

 

Medlemskap

 

Frå medlemene våre hentar vi inn namn, adresse, telefonnummer, kjønn, fødselsdato og e-postadresse. Desse opplysningane er grunnlag for å rapportere medlemstal og vi treng kontaktinformasjon på medlemer for å kunne formidle informasjon knytt til organisasjonen og medlemskapet. Fødselsdato er relevant for å vite kva gruppe du kan/bør delta i. For alle under 18 år hentar vi også inn namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse til føresette ettersom det er dei som skal få faktura frå oss.

 

Ved ubetalt medlemskapsavgift utan ytterlagre beskjed, ligg du i medlemsregisteret vårt ut inneverande år. Etter dette reknar vi medlemsskapet som avslutta. Etter avslutta medlemskap ligg personopplysningane dine framleis i kategorien «slutta» i medlemssystemet vårt i opptil 6 månadar, ettersom det kan vere behov for å kontakte deg grunna uteståande betaling, attgløymde eigedelar eller likande. Etter dette, gjer vi deg om til ein anonym tidlegare medlem ved hjelp av «Gløym meg»-funksjonen i medlemssystemet vårt. Dersom du har ynskje om å bli sletta fortare, kan du ta kontakt med oss på post@mangfaldige.no. Då behandlar vi eventuelle uteståande saker så raskt som mogleg og slettar personopplysningane dine som forklart ovanfor. 

 

 

 

 

Har du spørsmål kring dette kontakt post@mangfladige.no

bottom of page