søn. 21. jan. | Nynorskens hus

Audition (15-26år)

Teater etter Stanislavskij og å finne fram til eige uttrykk ved Shwan Wahed og Anders Nordhammer
Registration is Closed
Audition (15-26år)

Tid og stad

21. jan. 2018, 18:30
Nynorskens hus, Rosenkrantz' gate 8, 0159 Oslo, Norway

Om framsyninga

Vi søkjer ungdom alderen 15–26 år. I denne gruppa kjem vi til å arbeide med teater i tradisjonen etter Stanislavski. Vi tek utgangspunkt i aktuelle stykke og arbeider med dei med utgangspunkt i det psykologiske teateret sine verktøy. Vi lærer å analysere stykket for å bli kjent med karakterane, finne vendepunkt i handlinga og forstå karakterane sine motiv.

I gruppa tek vi også utgangspunkt i den stemma du har og dei uttrykka og interessene du bringer med deg. Du utviklar evnene dine som skodespelar og forteljar. Gruppa skal jobbe med bevegelse, dans, musikk, tekst, improvisasjon, ensemblearbeid og ulike metodar for å gå inn og ut av karakterar. Arbeidet munnar ut i ei framsyning våren og hausten 2018.

Prøver tysdagar eller onsdagar 19.00–21.00

Nynorskens hus og Det Norske Teatret