top of page

Om

Den Mangfaldige Scenen

Den Mangfaldige Scenen (DMS) er eit barne og ungdomsteater der unge mellom 6 og 28 år får uttrykke seg, lære og skape teater.

​

Teatret tar utgangspunkt i den store og varierte kulturelle rikdommen som unge har med seg, og gir kvar enkelt høve til å ta i bruk og utvikle sine skapande evner i samarbeid med kunstnarar. Vi får fram nye uttrykk i møte mellom dei unge sine interesser og kulturarvar. Teatret vil vere ein plattform for framtidige kunstnarar.

​

Vi er eit teater:

  • der kvar enkelt blir sett og respektert for at ”eg er den eg er”

  • som opnar, frigjer og tek imot

  • der ein tone, eit steg, ei rørsle, eit ord skaper eit møte

 

Årleg har tilbod for opptil 7000 unge. Medlemmene er frå alle kulturelle og sosiale miljø i Oslo, og Noreg. Dei unge er med på kurs og verkstader i skuletid, AKS-tid og i kveldsgrupper. Alle kurs ender i mindre eller større framsyingar i Nynorskens hus og andre scener, t.d Det Norske Teatret.

 

Er du interessert i å vere med? Vil du bestille ei framsyning? Ønskjer du eit samarbeid? Eller vil du berre vite meir?

Tidslinje DMS (2).jpg
bottom of page