top of page

Ein dag i Nynorskens hus

man. 13. jan.

|

Sentrum

Vil du risse runer, møte Pesta, heie fram Ivar Aasen og danse langdans på Nynorskens hus?

Billettar er ikkje tilgjengeleg
Ta kontakt for spørsmål
Ein dag i Nynorskens hus
Ein dag i Nynorskens hus

Tid og stad

13. jan. 2025, 10:00 – 31. jan. 2025, 14:00

Sentrum, Rosenkrantz' gate 8, 0159 Oslo, Norge

Om arrangementet

Gjennom rom og tid gir denne interaktive vandreframsyninga publikum eigarskap til språkhistoria og nynorsk språk med forteljing, humor, leik og praktiske oppgåver.

Våre tre forteljarar tar elevane med på ei reise som gir elevane knaggar for å forstå kultur- og samfunnsutviklinga i Noreg frå istida og fram til i dag. Elevane får delta aktivt og dei blir utfordra til å utforske og reflektere over sitt eige språk. Framsyninga inspirerer til mot, vilje og å følje draumane sine, kjensler som var viktige for å danne det norske demokratiet.

Målet for besøket er å gi publikum:

- Kunnskap og eigarskap til nynorsk og kulturhistoria til Noreg

- Ei auka språkinteresse

- Reiskap til kreativt arbeid for å uttrykke seg sjølv.

Google Maps ble blokkert på grunn av innstillingene dine for Analytics og funksjonelle informasjonskapsler.

Del dette arrangementet

bottom of page