Gullfebla
fre. 02. nov.
|Nynorskens hus
To gamle karar har i mange år reist land og strand rundt for å høyre folk fortelje historier, for så å skrive dei ned i ei bok. Karene er slitne og boka stappfull og kan bli ein nasjonalskatt. Men dei treng eit siste eventyr som ein perfekt avslutning Og så møter dei igjen Berthe Tuppenhaug…


Tid og stad
02. nov. 2018, 18:00 – 19:00
Nynorskens hus, Rosenkrantz' gate 8, 0159 Oslo, Norway
Om arrangementet
I «Gullfebla» møter vi to gamle karar som samlar på eventyr. Dei reiser land og strand rundt for å høyre folk fortelje historier, for så å skrive dei ned i ei bok. Boka er etter kvart blitt stappfull av eventyr og forteljingar, og dei to karane er slitne av å vandre land og strand rundt, (dei er tross alt over åtti år, minst) og tenkjer at dei no snart har samla samen nok, at dei no er klare for å gi ut boka. Det skal bli ei fantastisk eventyrbok, stappfull av eventyr, ein nasjonalskatt rett og slett!
Ettersom dei to gamle karane har vandra og reist så mykje i sitt vaksne liv, har dei ofra mykje av familielivet. Koner og barn har dei ikkje sett så mykje til. Eit praktverk av ei eventyrbok som bevarer folkeeventyra for all framtid er kanskje ei god unnskyldning for at dei har vore så…