Samlagsrota: USAs politiske historie
ons. 16. okt.
|Sentrum
James Godbolt snakkar om den ferske boka si tett på presidentvalet


Tid og stad
16. okt. 2024, 18:00 – 19:30
Sentrum, Kristian IVs gate 2, 0164 Oslo, Norge
Om arrangementet
Boka "USAs politiske historie" er ein del av Samlagets serie med korte innføringsbøker i historiske emne. Ho kjem ut rett før presidentvalet i USA, eitt av dei mest konfliktfylte presidentvala som har vore. Boka handlar ikkje om Trump og Harris, men trekkjer opp bakteppet og trådane attende til sjølvstende-erklæringa i 1776 og fram til og med Joe Biden-epoken.
Samtalen med forfattar Godbolt, som er amerikanar men har budd og jobba i Noreg som akademikar i mange år, blir leia av journalist Heidi Molstad Andresen. Ettermiddagsstunda blir krydra med ny, ung amerikansk lyrikk framført av ungdom frå Den Mangfaldige Scenen. Melina Ismini Karantonis les Solmaz Sharif og Priya Bains les eiga omsetting av Fathima Asghar til musikk av/med Jon Werede Hope.
Alle er hjarteleg velkomne til denne medlemskvelden.
For påmelding, send e-post til samlagsrota@gmail.com