Erlend Samnøen

er utdanna dansar ved Statens Balletthøgskole. Han er frilans regissør, koreograf og utøvar. Som regissør har han mellom anna laga framsyningane «Den Uendelige Historie» (Hålogaland Teater), «Bør Børson Jr.» og «Petra von Kants bitre tårer» (Trøndelag Teater), «Stormen» (Haugesund Teater) og «Dracula» (Brageteatret). Som koreograf har han mellom anna jobba ved Det Norske Teatret («Verdas mest forelska par»), Nationaltheatret («Minus 2» og «Et spansk stykke») og Trøndelag Teater («Spring Awakening», «Et Dukkehjem» og «Den siste viking»). Erlend bur i Oslo, men er vekse opp i Sandefjord. Erlend driv saman med Morten Espeland teaterkompaniet YMIST, som tidlegare har produsert framsyninga EDDA/Voluspå. Erlend er instruktør ved Den mangfaldige scenen sidan 2017. Erlend har mottatt arbeidsstipend frå Statens Kunstnarstipend i 2007 og 2016.

Den mangfaldige scenen

Barne- og ungdomsteater

Leiar Liv Hege Skagestad: 480 99 709

Rosenkrantz' gate 8, 0159 Oslo

©2017 DEN MANGFALDIGE SCENEN AS. ORGNR. 912583813