top of page
Image-empty-state.png

Jane Kelly

Instruktør

Jane Kelly har engelsk far og norsk mor, er fødd i London og flytta til Nord-Norge som 6-åring: derav klingande nordlending med engelske røter. Ho har National Diploma in Professional Acting (BA) frå Arts Educational School i London og PPU teater frå Kunsthøgskolen (KHIO) i Oslo. Jane har fargerik og variert arbeidserfaring og jobbar frilans i kunstnarlege team både som songar, skodespelar, komponist, dramatikar og pedagog.

Jane er opptatt av å tilføre produksjonar refleksjon, inspirasjon og variasjon.
Ho ønskjer varme kunstnarlege prosessar og resultat som gjer rom for refleksjon og oppdagingar i livet til menneske.

Arbeid i utval:
NRK, NRK Radioteatret, Netflix, KHIO, Nationaltheatret, Det Norske Teatret, Oslo Nye Teater, Den Nationale Scene, Hålogaland teater, Brageteatret, Anneli Drecker, Bel Canto, eigne utgivingar, Steinerskole, Kulturskole, Den kulturelle skolesekken og vidaregåande skule.

Jane har vore engasjert i Den Mangfaldige Scenen sidan 2017.

bottom of page