top of page
Image-empty-state.png

Jon Werede Hope

Instruktør og kunstnarleg rådgjevar

I ein alder av 15 fullførte Jon eit kurs for å bli ung-til-ung formidlar av trendbaserte dansestilar, med dette byrja hans reise innan dansen som instruktør for born og ungdom. Han byrja sin profesjonelle dansetrening ved Bårdar akademiet i Tvedestrand i 2013 og i 2018 fullførte Jon sin BA i Samtidsdans ved Trinity Laban Conservatoire of Music and Dance med ein 1st distinksjon. Etter endt studie jobba han som koreograf, dansar, regi assistent og produsent. Han har jobba med kunstnarar og institusjonar som til dømes Theo Lowe, Torkil Sandsund, Sogn og Fjordane Teater, Jana Winderen, Collision Dance og Jeff Pedersen Produksjonar.

Jon vart med i DMS familien hausten 2019 som skodespelar i produksjonen «Ein dag i Nynorskens hus» og regi assistent for regissør Erlend Samnøen på produksjonen «Gullfebla». Våren 2020 trådde han inn som assisterande dagleg leiar for DMS og frå januar 2021 som dagleg leiar ut 2022. Ein iver etter å skape moglegheiter for unge scenekunstnarar samt eit sterkt ynskje om å bidra til å skape meir kunstnarisk og kulturelt mangfald i norsk scenekunst driv han i arbeidet.

bottom of page