Maren Eline Markussen
Kommunikasjon og produsent
byrja i Den Mangfaldige Scenen våren 2023. Ho har ein bachelor i teaterkunst og skodespel frå Long Island University i USA og ein master i film og media, The Art of Impact, frå Stockholms Konstnärliga Högskola. Maren arbeidar på kontoret med kommunikasjon, marknadsføring, produsering, strategi og søknadsskriving, i tillegg til å bidra kunstnarleg ved behov.
Som produsent har Maren bidratt til framsyningane Pinocchio og Magiske Fingre, og sommaren 2023 hadde ho ansvar for ungdomsjournalistane og Det Mangfaldige Magasinet. Ho arbeidar også med å utvikle fleire møteplassar, mellom anna gjennom prosjektet Stovesnakk.
Arbeidserfaring i utval:
Den unge scenen, NRK Super, NonStop Internasjonale Teaterfestival, Latter og freelanceverksemd som skodespelar, produsent og koordinator.