Om
Den Mangfaldige Scenen
Den mangfaldige scenen (DMS) er eit barne og ungdomsteater der unge mellom 6 og 26 år får uttrykke seg, lære og skape teater.
Teatret tar utgangspunkt i den store og varierte kulturelle rikdommen som unge har med seg, og gi kvar enkelt høve til å ta i bruk og utvikle sine skapande evner i samarbeid med kunstnarar. Vi får fram nye uttrykk i møte mellom dei unge sine interesser og kulturarvar. Teatret vil vere ein plattform for framtidige kunstnarar.
Vi er eit teater
-
der kvar enkelt blir sett og respektert for at ”eg er den eg er”
-
som opnar, frigjer og tek imot
-
der ein tone, eit steg, ei rørsle, eit ord skaper eit møte
Årleg har tilbod opptil 300 unge. Medlemmene er frå alle kulturelle og sosiale miljø i Oslo. Dei unge er med på kurs og verkstader på skuletid, AKS-tid og i kveldsgrupper. Alle kurs ender i smindre eller større framsyingar i Nynorskens hus og andre scener, t.d Det Norske Teatret.
Er du interessert i å vere med? Er du interessert i bestille ei framsyning?
