top of page

Ein dag i Nynorskens hus

08.01.24

Nynorskens hus

Den interaktive vandreframsyninga Ein dag i Nynorskens hus tar for seg historiske hendingar frå språkhistoria til Noreg, i tillegg til historia til Oslo og Nynorskens hus. Nynorskens hus fekk sitt namn av Jon Fosse i 2013, 100 år etter at huset vart oppført for å huse Det Norske Teatret. Dette og meir lærar publikum om gjennom møter med karakterar som Ivar Aasen, Hulda Garborg og Pesta.


Denne framsyninga er del ein av Møt-konseptet Den Mangfaldige Scenen gjer saman med Den Kulturelle Skolesekken. I del to kjem elevane tilbake til Nynorskens hus kor dei får sjå familieframsyninga Pinocchio med 12 unge skodespelarar regissert av Erlend Samnøen.


Forteljarar

Aila Sinober

Mari Elise Haugen

Maria Austbø Ellingsen

Marie Longva Danielsen

Shahazad Gul Khan

Jon Werede Hope

Camilla Klaudiussen

Emil Rodrigo Jørgensen


Idé, regi og dramaturgi Liv Hege Skagestad i samarbeid med alle involverte

Scenografi Kjersti Alm Eriksen

Lyd og lys Jøran Normann

Muffins Kaffistova

Blad Norsk Barneblad

Bøker Det Norske Samlaget

Kunstnarleg rådgjevar Erlend Samnøen


Manus er utvikla av dei involverte og  tar utgangspunkt i føredrag frå Norsk Målungdom, forteljingar og rørsle som er i Nynorskens hus og boka til Alfred Fidjestøl «Trass alt».


Takk til gode folk som har gitt råd og inspirasjon undervegs.


Framsyninga er produsert av Den mangfaldige scenen i samarbeid med Bondeungdomslaget i Oslo, Norsk målungdom og Den Kulturelle Skolesekken i Oslo.

bottom of page