siste nytt

kategori
Arkiv

'work in progress' av Minutt til Solnedgang i Dale (Sunnfjord)

Utøvarar frå Den Mangfaldige Scenen og Texture and movement hadde sist veke sommarverkstad i dans, teater og musikk for born og unge i Dale (Sunnfjord). På laurdag kunne publikum i Dale sjå kva dei hadde lært, i tillegg til ein 'work in progress' av Minutt til Solnedgang – Fosse i Nynorskens hus som skal visast på Fossefestivalen 15. september. Her er nokre bilete frå engasjerte deltakarar, instruktørar og publikum 😊 Foto: Guénault Poncelet

Jakob Sande møter Jon Fosse i Dale

Laurdag 17. august bør du ta turen til Dale. Då kan du sjå både lokal ungdom prøve seg som skodespelarar og dansarar samt få ein smakebit på Jon Fosse sitt siste verk. Denne veka har det vore sommarverkstad i dans, teater og musikk for born og unge i Dale, med engasjerte deltakarar frå både Dale, Holmedal og Stongfjorden. Borna har jobba iherdig saman med ein koreograf, ein musikar og ein skodespelarar frå Den Mangfaldige Scenen. Dei har lært om rørsle, rytmar og samspel og dei har utforska Jakob Sande sine tekstar. Tekst til rørsle Laurdag 17. august blir det framsyning i den nye dansesalen ved idrettshallen i Dale kl. 18:00. Det er eit gratis arrangement der alle er velkomne! Der får du sj

Den mangfaldige scenen

Barne- og ungdomsteater

Leiar Liv Hege Skagestad: 480 99 709

Rosenkrantz' gate 8, 0159 Oslo

©2017 DEN MANGFALDIGE SCENEN AS. ORGNR. 912583813