siste nytt

kategori
Arkiv

Kvitebjørn kong Valemon møter barn frå DMS/Møllergata skole

Våren 2016 arbeida 25 barn i alderen 6-8 år med forteljinga om Kvitebjørn saman med instruktør Ranveig Thon Bjørnestad. Dei laga sin eigen versjon av forteljinga og viste eit utdrag av denne på hovudscenen på Det Norske Teatret 7. juni, var så på ei omvisning i teatret før dei så sjølve oppsettinga av Kvitebjørn på DNT. Teaterkursa på Møllergata/AKS starter opp igjen i slutten av september 2016

Poesiar etter Henrik Wergeland av Jon Fosse - ei lansering

Med Hermine og Emine frå Den Mangfaldige Scenen, Morten Espeland, Ola E. Bø, Anders Nordhammer, Camara Joof Musikk ved KRANTZ Det Norske Samlaget og Nynorskens hus har gleda av å invitere til ein presentasjon av dikta. Opplegg ved Morten Espeland, Kai Johnsen, Cecilie Seiness og Liv Hege Skagestad i samarbeid med Jon Fosse. Boksal og kaffi «Då eg tok over Grotten byrja eg for alvor å lesa dikta til Henrik Wergeland. Og eg skreiv ned eitt og hitt frå dikta i margen. Så skreiv eg av desse notata, og så vart det til at eg skreiv meg igjennom dei, på mitt vis, strauk, bytte ut ord, flytte om, skreiv til. Det vart til desse dikta, som er skrift over skrift, samskrift, palimpsest. Kor mykje som e

Den mangfaldige scenen

Barne- og ungdomsteater

Leiar Liv Hege Skagestad: 480 99 709

Rosenkrantz' gate 8, 0159 Oslo

©2017 DEN MANGFALDIGE SCENEN AS. ORGNR. 912583813