top of page

Poesiar etter Henrik Wergeland av Jon Fosse - ei lansering


Med Hermine og Emine frå Den Mangfaldige Scenen, Morten Espeland, Ola E. Bø, Anders Nordhammer, Camara Joof

Musikk ved KRANTZ

Det Norske Samlaget og Nynorskens hus har gleda av å invitere til ein presentasjon av dikta.

Opplegg ved Morten Espeland, Kai Johnsen, Cecilie Seiness og Liv Hege Skagestad i samarbeid med Jon Fosse.

Boksal og kaffi

«Då eg tok over Grotten byrja eg for alvor å lesa dikta til Henrik Wergeland. Og eg skreiv ned eitt og hitt frå dikta i margen. Så skreiv eg av desse notata, og så vart det til at eg skreiv meg igjennom dei, på mitt vis, strauk, bytte ut ord, flytte om, skreiv til. Det vart til desse dikta, som er skrift over skrift, samskrift, palimpsest. Kor mykje som er Wergeland, kor mykje som er eg, det kan eg ikkje seia. Men det har vorte til eigne dikt, rett nok med mangt frå Wergelands dikt, for ikkje ein einaste engel, ikkje ei einaste stjerne, ikkje ei einaste tåre, er lagde til av meg. Det må seiast."

Les omtale av Poesiar etter Henrik Wergeland

siste nytt
ARKIV
bottom of page