top of page

Noko frå Noreg 9. oktober

Den mangfaldige scenen deltek på seminaret Noko frå Noreg 9. oktober

Folkedrakter og bunader representerer store verdiar. I desse levande drakttradisjonane finst kunnskap om kultur, handverk og estetiske uttrykk. Her er kjelder for ny design.

Vi spør om forståinga og bruken av eigen kulturarv i ei ung og veksande norsk motenæring kan gje konkurransefortrinn i ei verd der eigenart og særpreg er blitt ettertrakta verdiar. Kan det skapast nye utrykk gjennom å skape innsikt i kulturarv og korleis dette er med på å prege den norske identiteten i det 21. hundreåret?

Gjennom foredrag, kunstnarlege og handverksmessige uttrykk, og debatt set seminaret Noko frå Noreg desse verdiane på dagsordenen. Med dette seminaret markerer Heimen Husflid 100-års jubiléet sitt.

Norwegian Fashion Institute inviterer, på vegner av Grunnlovsjubileet 2014, til prosjektet Noreg i det 21. hundreåret – Eit motedesignkonsept om kulturarv, mote og identitet.

Seminaret gir fagleg grunnlag for dei som deltek i prosjektet.

Innleiing og paneldebatt:

Bjørn Sverre Hol Haugen, Historikar

Cecilie Eskild og Heimen-skreddarar, Heimen Husflid

Thomas Walle og Kari Anne Pedersen, Norsk Folkemuseum

Gisle Mardal Mariani og Peter Løchster, Norwegian Fashion Institute

Ingun Grimstad Klepp, SIFO

Benedikte Sunde, Kurator ved DogA

Siv Støldal, Haik

Nina Skarra, Designar

Anne Berit Anti, Designar og rep. fra Duodji Instituttet

Kunstarlege innslag ved Lauvleen Kaur og Den mangfaldige scenen.

Tid: 9. oktober 2013 kl 9-18

Stad: Teatersalen til BUL, Rosenkrantz gate 8, 0159 Oslo

Seminaret er gratis.

Påmelding: trykk her

Fullstendig seminarprogram finn du her: Program

Arrangørar:

Heimen Husflid - Bondeungdomslaget i Oslo - Norwegian Fashion Institute

siste nytt
ARKIV
bottom of page