top of page

Minneverk for Amina Sweali

  • for 3 timer siden
  • 2 min lesing

Henta frå Tidsskriftet Jaja

Minneverket Aminas sang er laga til minne om Amina Sewali og publisert på Aminas bursdag 23. juni.


Kort tid etter at Sarah Camille Osmundsen takka ja til å lage eit lydverk til nettutgåva av Tidsskriftet Jaja, Makt, mål og mæle - munnleg forteljekunst før og no, døydde hennar nære venninne og kunstnarkollega Amina Sewali.


Sewali var musikar, artist, komponist, forfattar og skodespelar. Ho vert skildra som ein grensesprengande kunstnar, som vart lagt merke til frå ho var tenåring. Ho har medverka i ei rekkje scenekunstproduksjonar, og har stått på dei største scenene i landet. Boka hennar, «Hør´a dagbok!», vart nyleg lagt inn i Utdanningsdirektoratets rettleiande innhaldsliste til læreplan i norsk.


Sarah Camille seier om verket:


«Eg kjende på at denne songen og teksten måtte bli til, før eg kunne gå vidare med å skrive andre songar og forteljingar. Minneverket handlar om Amina, om vårt venskap og korleis vi saman fann vår stemme. Og så handlar det om sorga og korleis Amina held fram med å vere del av mi forteljing. Ho vil fortsetje å inspirere komande generasjonar til å tore å vere seg sjølv og ta plass med si unike røyst.»


OPE FOR FØRHANDSTINGING


I denne papirutgåva av Jaja handlar det om kropp og forteljingar.


Vi har forløyst eit kull av forteljingar knytte til det kroppslege: å føde, ete, drikke, puste, sove, arbeide, elske og døy, om å vere kropp, skiljast frå kropp og kjempe med kropp, og om kroppar i litteratur og forteljekunst.


Vel møtt til lansering 14. august kl. 19.15 på Fest i Fjaler!


Teikn abonnement og få utgåva i postkassen.


Bidragsytarar:


Kjartan Hatløy, Johanne Magnus, Aina Basso, Hilde Østby, Kristine Brusdal, Ingrid Thunem, Rakeb Erana, Marius Moldvær, Dubie Toa-Kwapong, Robin Van de Walle, Siri Helle, Agnetha Thormodsdatter, Janne Karin Støylen, Anders M. Gullestad, Ramona Sarăc, Rolf Losnegård, Marita Algrøy, Fredrik Vågenes, Katrine Sele, Åshild Kanstad Johnsen (ill.), Eva Meier (ill.), Fredrik Rysjedal (framside og ill.), Maria Astrup (design), Åsne Hagen og Siri Ingvaldsen (korrektur), Tora Hope (red.).

Førehandsting her.

Foto: privat

Kommentarer


siste nytt
ARKIV
bottom of page