top of page

20-ÅRSJUBILEUM!

  • for 12 timer siden
  • 2 min lesing

Har du hatt ein fin sommar? Vi håpar du er klar for hausten som kjem, for det er vi! Vi i Den Mangfaldige Scenen har mykje å glede oss til framover – og det har du òg!

I vår har vi brukt mykje tid på å leggje planar for den komande hausten og for året 2027. DMS fyller nemleg 20 år i 2027, eit jubileum vi ønskjer å feire. Og DU er invitert til festen!

Jubileumsåret vil innehalde mange ulike arrangement, som konsertar, teater, workshopar, framsyningar og samlingspunkt, og vi startar allereie feiringa no i haust!


Dette skjer:

Vi har gleda av å meddele at DMS har starta opp ein ungdomsredaksjon som vil produsere og publisere eit tidsskrift og arrangere lanseringsarrangement gjennom jubileumsåret. I vår fekk redaksjonen støtte frå LNU gjennom Noregs Ungdomslag, noko vi er svært takksame for! Dette har bidrege til eit godt utgangspunkt for redaksjonen og tidsskriftprosjektet. Redaksjonen vil møtast jamleg framover, og første utgåve av tidsskriftet vert publisert i januar! I samband med ungdomsredaksjonen er vi også no i prosessen med å starte opp eit frivillig lag – meir om dette kjem!


"Eit liv i DMS" er eit anna prosjekt som de også snart skal få bli kjende med! Vi har intervjua fleire kunstnariske aktørar som har vore eller er ein del av historia til Den Mangfaldige Scenen. Gjennom Eit liv i DMS vil du i første omgang bli betre kjend med Camara Lundestad Joof, Jonis Josef, Sarah Camille Osmundsen, Kjetil Solberg Stavenes, Jon Werede Hope, Gaute Adela Aastorp Cudjoe, Adanne Lin-ji Ezimoha Sætereie, samt Liv Hege Skagestad. Følg med vidare!

I tillegg er det mykje anna kjekt som føregår her hjå DMS! Mellom anna vert Den Mangfaldige Stemme arrangert den 10. oktober. I tillegg vil UWC Red Cross Nordic kome på besøk til oss frå 8.–10. oktober.


Den 6.–8. november vert det Den Mangfaldige Festivalen, og 21. november vert det Kulturdag. Dette bør du få med deg!


Vi planlegg også fleire arrangement som vi vil halde dykk oppdaterte om.


Vi gler oss til ein innhaldsrik haust og eit komande jubileumsår!



Kommentarer


siste nytt
ARKIV
bottom of page