top of page

Hundar på tur!

for 2 timer siden
1 min lesing

Har du sett dess hundane før? Dei dukkar stadig opp!

Foto: Tori Flaatten Halvorsen

 

I Lillomarka i september 2024 var Hundeløypa i aksjon fyrste gong under feiringa av nobelprisen til Jon Fosse. Hundane er teikna av barn frå Møllergata skole, under leiing av Mara Trana og Johs Kolltveit. Dette var eit samarbeid mellom Hordalaget, Bygdelagssamskipnaden og DMS med fleire. Hundeteikningane inneheld utdrag frå Hundemanuskripta av Jon Fosse.

 

Men - hundane har vore på fleire lufteturar sidan dei var i Lillomarka i 2024!

 

I 2025 fekk hundane ein fin luftetur langs Akerselva då dei stilte opp på Elvelangs.


I regi av Det Norske Teatret, kunne ein også få auge på dei flotte hundeteikningane under Fossefestivalen i 2025.

 

I fjor dukka jammen meg hundane opp i Strandebarm under Fossedagane, ei lang men flott reise for hundane.

 

Når hundane ikkje er på tur, ryktast det at dei bur trygt i garasjen hjå Kolltveit.

 

... og har du ikkje fått sett hundane endå, treng du ikkje fortvile!

 

Den 24. september skal nemleg Hundeløypa atter ein gong få vere med på Elvelangs i Oslo. Difor bør du ta turen dit for å sjå på den flotte – og no svært omreiste – Hundeløypa!

 

Noko seier meg likevel at dette ikkje vert siste gong hundane får reise ut på tur...

Kommentarer


siste nytt
ARKIV
bottom of page