top of page

Gullfebla

  • sigridfelde
  • for 13 timer siden
  • 2 min lesing
Foto: Kari Velure
Foto: Kari Velure


Asbjørnsen og Moe er på si siste ferd for å fullføre livsverket Norske Folkeeventyr. Det siste eventyret må vere heilt spesielt – det skal tross alt avslutte heile samlinga! Den som får æra av å levere finalen, er Berthe Tuppenhaug, ei knirkande gamal dame med mykje rart å fortelje.


Etter fleire forsøk på ulike eventyr innser Asbjørnsen og Moe at dei ikkje får den avslutninga dei hadde håpa på. Skuffa gjer dei seg klare til å pakke saman sakene sine, og forlate den gamle garden.

Men akkurat då dei er i ferd med å gi opp, kjem Berthe Tuppenhaug på eit heilt spesielt folkeeventyr – eit som kan bli den endelege avslutninga på verket deira.


Framsyninga «Gullfebla» er ei skrøne om eventyrsamlarar og gamle kjerringer, og om trua på at ein kan gjere noko stort med livet sitt. Samstundes handlar det om at ting ikkje alltid blir slik ein hadde håpa på. Framsyninga er ein komedie, men i botnen tar ho tak i spørsmål som er relevante for oss å reflektere over: har det vi tenkjer på som typisk norsk, eigentleg noko med «det norske» å gjere? Eller lagar vi stadig nye versjonar av kva som er typisk norsk, basert på korleis vi ønskjer at «det norske» eigentleg skal vere?


I februar 2026 vert teaterframsyninga Gullfebla sett opp atter ein gong!


Den Mangfaldige Scenen hadde premiere på Gullfebla hausten 2019.


I februar tek nye skodespelarar plass på scena, med Jon Werede Hope og Justina Braizate i regi. Gjennom Den Kulturelle Skolesekken i Oslo skal fleire skular få oppleve det fantastiske teateret, og vi gler oss til å sjå korleis framsyninga tek form denne gongen!


Skodespelarar:


Olivia Omara Thrane Storsve

Amanda Desiré Liden Halvorsen

Martha Johanne Lindkvist 

Eira Øyen Evans

Billie Marie Martinsen

Johan Eritsland Anker

Pippi Kyllo-Leraand

Sevim Ay


Kunstnarleg lag:


Regi og koreografi: Jon Werede Hope i samarbeid med Erlend Samnøen

Idé og manus: Erlend Samnøen

Regiassistent: Justina Brazaite

Scenografi: Dagny Drage Kleiva

Lysdesign: Jørann Normann


Kommentarer


siste nytt
ARKIV
bottom of page