top of page

Rebell vårvisning

  • jonwerede
  • 14. apr.
  • 1 min lesing

Fredag 11. april hadde rebellane visning av kva dei har jobba med denne våren på Rommen scene for vener og familie. Det blei ein kveld med mykje teaterglede, dans, kunst og rap. Temaet for framsyninga er tilit, noko ungdommane har jobba med i teaterkurs med Shwan gjennom denne våren.


Foto: Maren Eline Markussen


Den Mangfaldige Scenen samarbeider med Det Norske Teatret og Rommen scene om prosjektet Rebell som tilbyr kurs innan teater, dans, rap og collage-kunst og scenografi på tre ulike fritidsklubber for ungdom i Groruddalen. Kvart kurs har tre opne kursdagar per stad og ein fellesøving på Rommen scene kor alle øvar saman før visninga.


Klubbane som hadde kurstilbod denne våren var:

  • Lindebergklubben

  • Tveitaklubben

  • Haugenstua fritidsklubb


Commentaires


siste nytt
ARKIV
bottom of page