top of page

Pinocchio

Oppdatert: 21. jan.

Snart er 8 spente ungdomar klare til å presentere framsyninga Pinocchio igjen på Nynorskens hus! Framsyninga spelar for 900 elevar i 6. klasse gjennom Den Kulturelle Skulesekken. I tillegg til dette har vi fått støtte frå Sparebankstiftelsen DNB til å spele framsyningar heilt gratis for eit ope publikum.


Framsyninga «Pinocchio» tar for seg kor lett det er å velje feil, sjølv om du veit at det er feil.

Dei 8 unge skodespelarane skapar forteljinga om Pinocchio originalt i regi av Erlend Samnøen frå 2024. Emil Rodrigo Jørgensen og Justina Brazaite har hatt ansvar for gjenopptakinga i 2025.

Framsyninga tar utgangspunkt i boka «Pinocchios eventyr» av Carlo Collodi, og konflikten mellom kva ein vil gjere og kva ein faktisk gjer. Ved bruk av mellom anna rytmeinstrument og rørsle utforskar skodespelarane livet til tredokka, med fokus på kva som er rett og galt, noko vi alle kan kjenne oss igjen.


Kunstnarleg lag:

Manus: Erlend Samnøen

Regi: Erlend Samnøen

Regiassistent: Emil Rodrigo Jørgensen

Regiassistent: Justina Brazaite

Regiassistent: Jon Werede Hope

Komponist/musikar: Gaute Storsve

Scenograf og kostyme: Kjersti Alm Eriksen

Lysdesign: Jøran Normann

Produsent: Maren Eline Markussen og Liv Hege Skagestad


Produksjonen er laga for Den Kulturelle Skulesekken og skal spele for 6. klasse i Oslo februar 2025. Takk til Oslo kommune, Kultur- og likestillingsdepartementet, DKS Oslo, Sparebankstiftelsen, Det Norske Teatret, Norges Ungdomslag og Bondeungdomslaget Oslo.




Comments


siste nytt
ARKIV
bottom of page