Rakle rundt varmen - Hilmarfestivalen 2026
"Hilmarfestivalen er en av Norges største samtids- og kulturarvsfestivaler"
Tema for årets festival er ARV, og del av programmet er "Rakle rundt varmen" av Kjetil Solberg Stavenes.
Produksjonen kan du få gleda av å oppleve 7. november kl. 15.10-16.10
Rakle rundt varmen av Kjetil Solberg Stavenes
Gjennom forteljingar overlevert som små drypp i oppveksten, i eit forsøk på å forklare eit
familiemønster, avdekker Kjetil Solberg Stavenes eit nedarva traume frå ei heil folkegruppe.
«Fant, splint, tater, omstreifar. Dei reisande har mange namn.» Kjetil har ikkje arva
gjenstandar laga av sine forfedrar som kunstferdige knivar, staselege sjal og kongelege
klokker, men det han har arva er forteljingar, formidlingsevne og ein søken etter fridom.
Familien er av reisande slekt, men det snakkar dei ikkje om.
Ved hjelp av gjenstandar laga av dei reisande tar Kjetil publikum med på ei reise inn i
forteljingane til slekta si med eit frimodig karaktergalleri. Han målar bilete av eit folk med
sterk vilje og mykje humor, med assimileringspolitikken som dei reisande har vore utsett for
som bakteppe. Eit språk og ei livsform som forsvann. Men klarte dei å utslette kulturen? Eller
lev han framleis i brotstykke? Kanskje som familiekultur, med forteljestundar rundt bålet.
Alltid med ein kopp kaffi i handa.

Ordliste:
Romani Norsk
Rakle Prate
Varmen Bål
Mosjta Kaffi
Dromen Reisa
Beddon Politi
Buro Bygding (person som ikkje er reisande)
Om produksjonen:
Kjetil Solberg Stavenes er ein scenekunstnar, historieforteljar og poet. Han jobbar ofte i
alternative scenerom med minimalistisk scenografi. Uttrykket hans er fysisk og leikent,
forteljarstilen er målarisk, med store ord, og han oppheld seg som regel på vippepunktet
mellom rein og sprø tragedie, der humoren ligg i det djupt tragiske og alvor i det banale.
Framsyninga er produsert av Kjetil Solberg Stavenes i samarbeid med Den Mangfaldige
Scenen og Jakob Sande - senter for forteljekunst.
Av og med: Kjetil Solberg Stavenes
Rekvisitør: Vilde Stensland Vinje
Produsentar: Liv Hege Skagestad og Maren Eline Markussen
Varigheit: Ca 60 minutt
Takk til Kjetils familie som har delt sine historier.











Kommentarer