Stovesnakk
Velkomen til Stovesnakk onsdag 24.01.24 klokka 17:00-18:30 på Nynorskens hus!
Stovesnakk er eit samtalekonsept kor vi tar for oss eit nytt tema kvar gong. Det vil alltid vere eit kunstarisk innslag eller ein kunstkommentar.
I den første offisielle Stovesnakken vil vi snakka om korleis barn og unge kan få eit positivt forhold til nynorsk og skape språkglede.
Arrangementet er gratis, men meld deg på via billettlenka, slik at vi veit kor mange som kjem.
Dette vil vere eit todelt arrangement:
Første del er den interaktive vandreframsyninga om norsk språkhistorie, Ein dag i Nynorskens hus.
Del to er ein hyggeleg prat om nynorsk-positivitet og skape nysgjerrigheit og entusiasme for nynorsken hos barn og unge.
Samtalen vil bli innleia av initiativtakar til Ein dag i Nynorskens hus, Liv Hege Skagestad (Den Mangfaldige Scenen) som fortel om bakgrunnen for prosjektet. Deretter vil skodespelarane delta i ein samtale leia av Maren Eline Markussen. Etter samtalen opnar vi for spørsmål frå publikum.
Skodespelarar:
Maria Ellingsen Austbø
Mari Elise Haugen
Emil Rodrigo Jørgensen
Takk til Fritt Ord.
Om Ein dag i Nynorskens hus:
Måndag 08.01.24 hadde vi nypremiere på vandreframsyninga Ein dag i Nynorskens hus som vi har laga i samarbeid med Den Kulturelle Skolesekken Oslo. 900 sjetteklassingar frå Oslo skal sjå vandreframsyninga som tar for seg historiske hendingar frå språkhistoria til Noreg, i tillegg til historia til Oslo og Nynorskens hus. Nynorskens hus fekk sitt namn av Jon Fosse i 2013, 100 år etter at det vart oppført og husa Det Norske Teatret. Dette og meir skal elevane lære om i den interaktive framsyninga, kor dei får møte karakterar som Ivar Aasen, Hulda Garborg og Pesta.
Denne framsyninga er ein del av Møt-konseptet vi gjer saman med Den Kulturelle Skolesekken. I del to kjem elevane tilbake til Nynorskens hus kor dei får sjå familieframsyninga Pinocchio med 12 unge skodespelarar regissert av Erlend Samnøen.
Forteljarar:
Aila Sinober
Mari Elise Haugen
Maria Ellingsen Austbø
Marie Longva Danielsen
Shahazad Gul Khan
Jon Werede Hope
Camilla Klaudiussen
Emil Rodrigo Jørgensen
Idé, regi og dramaturgi: Liv Hege Skagestad i samarbeid med alle involverte
Scenografi: Kjersti Alm Eriksen
Lyd og lys: Jøran Normann
Muffins: Kaffistova
Kunstnarleg rådgjevar: Erlend Samnøen
Manus er utvikla av dei involverte og tar utgangspunkt i føredrag frå Norsk Målungdom, forteljingar og rørsle som er i Nynorskens hus og boka til Alfred Fidjestøl «Trass alt».
Takk til gode folk som har gitt råd og inspirasjon undervegs.
Framsyninga er produsert av Den mangfaldige scenen i samarbeid med Bondeungdomslaget i Oslo, Norsk målungdom og Den Kulturelle Skolesekken i Oslo.
Comentarios