top of page

VERDSFRED

  • sigridfelde
  • 13. okt.
  • 1 min lesing

Kan vi skape verdsfred?

 

Prosjektet VERDSFRED skal stå ferdig i 2027, og vil bli ei interaktiv framsyning for mange tusen unge i vidaregåande skule.

 

TEMA: Demokrati – Fellesskap – Likeverd

MÅL: Å løfte fram stemmene til dei unge og styrkefellesskapa rundt dei!

 

Med Jon Werede Hope og Shwan Wahed i spissen, startar føreprosjektet VERDSFRED 7. – 9. oktober, med ein verkstad i Fjaler. Ungdomar frå Dale vidaregåande skule og ungdomar frå UWC, og  kunstnarar er saman å skape innhald og forme framsyninga. Vidare planleggjast det ein ny verkstad i Oslo i første kvartal 2026. Her vil 10 ungdom frå forskjellige vidaregåande skular i Oslo saman med 5 ekspertar, byggje vidare på erfaringar frå Fjaler for å utvikle prosjektet vidare.

 

Prosjektet er eit samarbeid mellom DMS, Jakob Sande – senter for forteljekunst, Dale vidaregaånde skule,  UWC, Fjaler kommune og med støtta av Sparebankstiftinga i Fjaler.

 

Gjennom alle kurs og framsyningar har DMS som mål å gi unge gode reiskapar til å finne si stemme i eit fellesskap. Vi vil setje lys på kva som byggjer fellesskap, likeverd og utanforskap. Prosjekta bidreg til at dei unge ser kvarandre, ser seg sjølve, får evne og språk til å sjå nyansar, vise kjensler, uttrykkje seg, lytte, vere skapande og danne fellesskap.

 

Med hovudtema demokrati, fellesskap, likeverd, samt eit sentralt fokus på berekraftig utvikling, likestilling og mangfald – er vi svært spente på korleis dette viktige VERDSFRED-prosjektet vil forme seg!

 

Les meir her:


Heia VERDSFRED!


ree

Kommentarer


siste nytt
ARKIV
bottom of page