"What? Skriver du nynorsk frivillig?"
- sigridfelde
- 3. okt. 2025
- 1 min lesing
Oppdatert: 13. okt. 2025
Sigrid Høgseth Felde, som er tilsett i DMS, har skrive ein kronikk som vart publisert i dagens utgåve av Aftenposten!
Sigrid skriv om viktigheita av å ta vare på det nynorske språket, og dette skriv ho om DMS og produksjonen "Ein dag i Nynorskens Hus":
Ropte «Ivar Aasen, ikke gi opp!»
På sida av studiet jobbar eg i Den Mangfaldige Scenen (DMS), eit nynorsk barne- og ungdomsteater midt i Oslo. I fjor vinter fekk eg vere med på produksjonen «Ein dag i Nynorskens Hus» saman med sjetteklassingar frå ulike Oslo-skular. Framsyninga er produsert av Den Mangfaldige Scenen i samarbeid med Bondeungdomslaget i Oslo, Norsk målungdom og Den Kulturelle Skolesekken i Oslo.
Men dette var ikkje ei vanleg framsyning. Her skulle elevane bidra med tankar og idéar og vere med på ei reise gjennom språkhistoria frå alt starta og fram til i dag.
Ivar Aasen, Knud Knudsen, Hulda Garborg og sjølvaste Pesta frå svartedauden kom til liv. Skodespelarane tok oss med gjennom historia og viste kvifor vi faktisk har to skriftspråk, og kvifor det er så viktig. Eg har aldri sett slikt engasjement rundt nynorsk som det eg såg då. Ungane lo, skreik, vart skremde og glade, og på eitt tidspunkt ropte alle i kor med austlandsdialekt: «Ivar Aasen, ikke gi opp!»
Elevane elska det. Eg overhøyrde ein som sa «Dette er det gøyeste vi har vært med på!», og ein annan som sa «Jeg vil gjøre det igjen!»
Her kan du lese resten av kronikken!












Kommentarer