top of page

Kvinna - ein Jakob Sande diktkonsert

for 3 timer siden
2 min lesing

Måndag 9. november klokka 19:00 spelar diktkonserten "Kvinna" på Nynorskens hus som ein del av Jakob Sande - minifestival. Alle arrangement er gratis. Billettar finn du her: https://www.mangfaldige.no/events/kvinna


Om arrangementet

Diktkonserten «Kvinna»  er satt saman av eit utval av Jakob Sande sine dikt om kvinna, nye forteljingar og komposisjonar, og er eit tingingsverk bestilt av Jakob Sande - senter for forteljekunst. Kvelden blir avslutta med kåseriet «Jakob Sande og dei litterære kvinnene hans» av Gunnstein Akselberg. Framsyninga hadde urpremiere under Fest i Fjaler august 2026 der temaet nettopp var Kvinna. Når framsyninga no kjem til Nynorskens hus er Songlaget i BUL og Gunnstein Akselberg invitert inn.

 

Laget består av Den Mangfaldige Scenen ved Nirvana Froagh, Sigrid Felde, Shwan Wahed, Harald Kolaas, Sarah Camille Osmundsen, Melina Ismini Karantonis, Maren Eline Markussen, Kjetil Stavenes, Jørn Erik Ahlsen Alkanger, i tillegg til Gunnstein Akselberg og Songlaget i BUL med dirigent Knut Kristian Mohn. Liv Hege Skagestad frå Den Mangfaldige Scenen har regi på produksjonen i samarbeid med alle involverte.



Jakob Sande - minifestival

 

«Kvinna» markerer opninga på Jakob Sande-minifestival som finn stad i Nynorskens hus, Nynorsk bokhandel og Bikuben på Det Norske Teatret 9.-10. november 2026. Arrangørar er Jakob Sande - senter for forteljekunst, Venner av Det Norske Teatret, Den Mangfaldige Scenen, BUL, Vikværingen og Samlagsrota. 

 

FULLT PROGRAM:

 

9.11 kl. 19:00

Minifestivalopning

Minifestivalopning

Diktkonserten «Kvinna»

«Jakob Sande og dei litterære kvinnene hans» av Gunnstein Akselberg

Sal av kaffi/lefse og produkt frå Sande-senteret.

Framsyninga varer i 90 minutt.

Stad: Nynorskens hus, Rosenkrantz' gate 8

 

10.11 kl. 09:00

Tidsskriftet Jaja, Marius Moldvær og Gunnstein Akselberg: Kropp og forteljing

Stad: Nynorsk bokhandel, Nordahl Bruns gate 15 A

 

10.11 kl. 12:00

Lunsj og lyrikk

Om Jakob Sande og kvinna i diktinga

Føredrag ved Ove Eide

Stad: Bikuben, Det Norske Teatret

 

 

Alle arrangement er gratis, men grunna avgrensa plass må du tinge billettar her til diktkonserten "Kvinna".


Foto: David Zadig og Thor Hauknes


Kommentarer


siste nytt
ARKIV
bottom of page