top of page

Forfattartreff med Ruth Lillegraven


Inviterer til

Forfattartreff med Ruth Lillegraven

Onsdag 26. september 2018 kl. 17.30

Nynorskens hus, Rosenkrantzgate 8.

Gratis

Prisvinnande og kritikarroste Ruth Lillegraven er tilbake med ei ny diktsamling for barn.

I denne boka får vi vere med eit barn inn i skogen den grøne.

Kva skjer når eit barn følgjer ein kviskrande sti? Korleis kan ei bjørk likne ei jente som prøver å riste vatn ut av håret? Og kva med skodda som kjem som huldrepust? Og elgen som flyt i det botnlause tjernet, søkk han heilt ned til Kina?

Forfattaren vil saman med barn og ungdom frå Den mangfaldige scenen framføre dikta frå samlinga, til illustrasjonane av Mari Kanstad Johnsen. Musikar Sidiki Camara set tonar til lesinga.

Dette er også eit familiearrangement. Det blir servering av saft, kaffi og kake, sal av bøker og signering. Og dei aller minste skal få fargeleggje dei fine illustrasjonane.

Skogen den grøne

høyr! kviskrar stien hausten spring gjennom skogen

stel sommaren og kjem med vinteren og sjå! gule lauv ligg og lyser på bakken det er gullmyntar som hausten har strøydd ut

Som i den Bragepris-nominerte diktsamlinga Eg er eg er eg er skriv Ruth Lillegraven med finkjensle for dei små detaljane. I Skogen den grøne følgjer vi eit barns undrande blikk på det som lever og hender i naturen rundt oss. Lillegraven tek den unge lesaren med inn i skogen – og inn i poesien.

Plass kan reserverast her: Samlagsrota@gmail.com

siste nytt
ARKIV
bottom of page