top of page

Framsyningar: Dustefjerten og den store sommarferieturen


Karakterane i «Dustefjerten og den store sommarferieturen» bur i eit lite land ved ein bekk. Der bur dei i små skeive hus og i hòl i fjellet. Ein dag kjem sommarfuglen fykande, og då veit dei at sommaren er komen. Då er det på tide å reise på ferie. Men det er ikkje berre å kome seg av garde – Bollefisen ligg under senga si og er lei seg. Dustefjerten vil eigentleg vere heime og kaste steinar i bekken. Kavringreven og Oktava kranglar om kor dei skal reise. Holesnusken vil dra på ferie på eiga hand. Og andungen held ikkje ut å vente, han vil kome seg av garde så fort som mogeleg. Til slutt blir dei einige om å reise til Utlandet. Og korleis blir ferien? Kjem dei til Utlandet? Blir det fint vêr, eller berre regn? Blir nokon stukke av ein veps? Og kva skjer når Andungen ramlar ned ei skråning? Dustefjerten og den store sommarferieturen er ei framsyning om samhald; det å kjenne seg som ein del av ei gruppe, det å ikkje kjenne seg som ein del av ei gruppe, det å ynskje å være ein del av ei gruppe og det å ikkje klare å vere ein del av ei gruppe. Og så handlar det om undringa ved å skjøne at ein er i ferd med å bli vaksen, og det å våge å snakke om at noko er i ferd med å endre seg. Og sjølvsagt handlar det om det å reise på ferie – at ferien sjeldan blir slik ein hadde tenkt. Men kan ferien bli bra, sjølv om den blir veldig annleis enn det ein hadde tenkt? Av Rune Belsvik

Produksjon Dramatisert og regi: Erlend Samnøen

Måndag 17. juni 2019 kl. 18.00

Tysdag 18. juni 2019 kl. 10.30 og 12.30 (for skular/grupper)

Torsdag 20. juni 2019 kl. 1030 og 1230 (for skular/grupper)

Fredag 21. juni 2019 kl. 18.00

Nynorskens hus, Rosenkrantz' gate 8.

Pris: Ordinær 150,- Barn 75,-

Billettar finn du her: https://bul.ticketco.events/no/nb

siste nytt
ARKIV
bottom of page