Ein dag i Nynorskens hus
I år igjen skal Nynorskens hus fyllast med 900 elevar i 6. klasse frå heile Oslo med framsyninga Ein dag i Nynorskens hus.
Elevane får forteljingar, løyse oppgåver, risse runer, møte Pesta, samle ord med Ivar Aasen, danse med Hulda Garborg og sjølv stå på scenen. «Ein dag i Nynorskens hus» gir elevane eigarskap til språkhistoria, det nynorske språket, og inspirasjon til utvikling av sitt eige språk.
Tre forteljarar og skodespelarar tar elevane med på ein reise i tid og rom. Her får elevane knaggar for å forstå kultur- og samfunnsutviklinga i Noreg frå istida og fram til i dag med vekt på utviklinga av det norske språket. Elevane får delta aktivt og blir utfordra til å utforske og reflektere over sitt eige språk. Framsyninga inspirerer til mot, vilje og å følje draumane sine, kjensler som var viktige for å danne det norske demokratiet.
Sitat frå besøkande i 2024:
«Vi lærte om norsk språkhistorie og hvordan vi fikk nynorsk og bokmål. Vi lærte om svartedauden og vikingtiden. Det var skikkelig gøy!»
Elev ved Lilleaker skole
«Det var veldig gøy på Nynorskens hus. Faktisk syntes jeg det var kjempeinteressant»
Elev ved Rudolf Steinerskolen i Oslo

Forteljarar:
Aila Sinober
Mari Elise Haugen
Maria Ellingsen Austbø
Marie Longva Danielsen
Farhan Shahazad Gul Khan
Emil Rodrigo Jørgensen
Kjetil Solberg Stavenes
Adanne Lin-ji Ezimoha Sætereie
Idé, regi og dramaturgi: Liv Hege Skagestad i samarbeid med alle involverte
Scenografi: Kjersti Alm Eriksen
Lyd og lys: Jøran Normann
Kunstnarleg rådgjevar: Erlend Samnøen
Manus og opplegg: Den Mangfaldige Scenen i samarbeid med Nynorskens hus/Bondeungdomslaget i Oslo og Norsk målungdom.
Rådgjevarar i utvikling av konseptet: Lærarar og elevar frå utvalde barneskular, og Noregs mållag og Det norske Samlaget.
コメント