Ein dag i Nynorskens hus
- sigridfelde
- for 22 timer siden
- 2 min lesing
Vi er endeleg i gang med den "Ein dag i Nynorskens hus", og allereie har det vore mange nye 6.klassingar på besøk. Vi gler oss til å fylle opp Nynorskens hus med engasjerte elevar dei komande vekene!
Vidare kan du sjå nokre bileter og lese litt om kva den vandrande framsyninga handlar om:
I løpet av 90 minutt skal klassen få vere med på ei reise gjennom den norske språkhistoria, og sitte att med ein breiare kunnskap om kvifor vi har to skriftspråk i Noreg i dag.

"Eg er her", kan elevane lese på veggen i. I ein elles hektisk kvardag står elevane saman i ein ring på golvet medan fokuset ligg på eigen pust. Brått kling det ei stemme i rommet, men ingen kan sjå kvar den kjem frå. Smil, latter og nysgjerrigheit spreier seg blant elevane. Så trakkar dei inn i språkhistoria.
Ein skremmande skapning med lang svart kappe ålar seg over golvet. Elevane ser på med store auger. Nokre ler gjerne litt, andre tek eit par steg lengre bak i rommet. Ei kvinne med kjole svingar seg så over golvet til norsk folkemusikk. Ingen veit endå heilt sikkert kva dei har sett, og spenninga stig.
I reisa gjennom språkhistoria møter vi på ulike spørsmål, og elevane kan kome med ulike svar, tankar og idéar om kva dei ser og opplever. Skriftspråket har vore gjennom store endringar før det vart slik det er i dag. Elevane reiser heilt tilbake til istida, gjennom vikingtida og til svartedauden.

På dørene i lokalet står det skrift, teikn og hint for kva som skjuler seg bak. «Bjørgvin 1349» står det på ei dør av dørene. Bak denne døra er det igjen den skremmande skapningen med kappa som viser seg, og som bestemmer kven som får overleve og kven som må døy.
Elevane får også møte karakterar som Ivar Aasen, Knud Knudsen, og Hulda Garborg, og får eit oversiktleg innblikk i den store språkdebatten. Førestillinga er ikkje berre eit teater, det er ei reise gjennom tida der elevane får delta med eigne tankar og kunnskapar.




















Kommentarer