Pinocchio
Velkomen til første visning med publikum for Pinocchio torsdag 14.12.23 klokka 19:00.
Alle vonar å bli best mogeleg versjon av oss sjølv, men korleis skal vi ta dei rette vala?
Framsyninga «Pinocchio» tar for seg kor lett det er å velje feil, sjølv om du veit at det er feil.
På scenen står 12 unge skodespelarar som saman skapar forteljinga om Pinocchio i regi av Erlend Samnøen. Framsyninga tek utgangspunkt i boka «Pinocchios eventyr» av Carlo Collodi, og konflikten mellom kva ein vil gjere og kva ein faktisk gjer. Ved bruk av mellom anna rytmeinstrument og rørsle utforskar skodespelarane livet til tredokka, med fokus på kva som er rett og galt, noko vi alle kan kjenne oss igjen.
Framsyninga er gratis og tilrådd frå 7 til 14 år. Du treng ikkje billett, berre møt opp.
Kunstnarleg lag:
Manus: Erlend Samnøen
Regi: Erlend Samnøen
Inspisient: Jon Werede Hope
Regiassistent: Justina Bratzaite
Komponist og musikar: Gaute Storsve
Scenograf: Kjersti Alm Eriksen
Lysdesign: Jøran Normann
Produsent: Liv Hege Skagestad og Maren Eline Markussen
Skodespelarar:
Alina Holtan
Amanda Desiré Liden Halvorsen
Anders Kosi Holm-Orazu
Billie Marie Martinsen
Eira Øyen Evans
Ishak Kaya
Jack Dare Newell
Johan Eritsland Anker
Martha Lindkvist
Olivia Omara Thrane Storsve
Olivia Ringdal
Shilan Ghaderi
Produksjonen er laga for Den Kulturelle Skulesekken og skal spele for 6. klasse i Oslo kommune februar 2024.
Takk til Oslo kommune, Kultur- og likestillingsdepartementet, DKS Oslo, Sparebankstiftinga, Det Norske Teatret, Norges Ungdomslag og Bondeungdomslaget Oslo.

Comments