top of page

Pinocchio

Alle vonar å bli best mogeleg versjon av oss sjølv, men korleis skal vi ta dei rette vala?


Framsyninga «Pinocchio» tar for seg kor lett det er å velje feil, sjølv om du veit at det er feil.

På scenen står 12 unge skodespelarar som saman skapar forteljinga om Pinocchio i regi av Erlend Samnøen. Framsyninga tek utgangspunkt i boka «Pinocchios eventyr» av Carlo Collodi, og konflikten mellom kva ein vil gjere og kva ein faktisk gjer. Ved bruk av mellom anna rytmeinstrument og rørsle utforskar skodespelarane livet til tredokka, med fokus på kva som er rett og galt, noko vi alle kan kjenne oss igjen.


Framsyninga er gratis og tilrådd frå 7 år. Du treng ikkje billett, men meld deg gjerne på her: https://forms.gle/HmQL5kWfZuP6yJ6AA

Elles er det berre å møte opp.


Speleplan:

Torsdag 01.02 klokka 17:00 (prøve med publikum).

Fredag 02.02 klokka 16:00 (generalprøve) og 19:00 (premiere).

Laurdag 10.02 klokka 15:00 og 18:00.

Måndag 19.02 klokka 10:00 og 12:00.

Tysdag 20.02 klokka 10:00 og 12:00.


Kunstnarleg lag:

Manus: Erlend Samnøen

Regi: Erlend Samnøen

Inspisient: Jon Werede Hope

Regiassistent: Justina Bratzaite

Komponist og musikar: Gaute Storsve

Scenograf: Kjersti Alm Eriksen

Lysdesign: Jøran Normann

Produsent: Maren Eline Markussen og Liv Hege Skagestad


Skodespelarar:

Alina Holtan

Amanda Desiré Liden Halvorsen

Anders Kosi Holm-Orazu

Billie Marie Martinsen

Eira Øyen Evans

Ishak Kaya

Jack Dare Newell

Johan Eritsland Anker

Martha Lindkvist

Olivia Omara Thrane Storsve

Olivia Ringdal

Shilan Ghaderi


Produksjonen er laga for Den Kulturelle Skulesekken og skal spele for 900 elevar i 6. klasse i Oslo februar 2024.


Takk til Oslo kommune, Kultur- og likestillingsdepartementet, DKS Oslo, Sparebankstiftelsen, Det Norske Teatret, Norges Ungdomslag og Bondeungdomslaget Oslo.



siste nytt
ARKIV
bottom of page