Rebell-framsyning!
- sigridfelde
- for 4 døgn siden
- 1 min lesing
Rebell er ei kreativ gruppe for ungdomar der dei får utfalde seg gjennom teater, musikk, song og kunst. Dette er eit lågterskeltilbod der dei saman utforskar viktige tema gjennom leik, skaparglede og samarbeid.
10.desember bind dei saman alt dei har jobba med i framsyninga «Den forheksa klokka». Vi håpar du vil kome og oppleve det dei har skapt!
Årets tema er betydninga av fritida og friminutta i skulekvardagen. Kva skjer når skuleklokka ringjer og elevane strøymer ut? Kven finn fellesskapet sitt – og kven gjer ikkje det? Dette ønskjer gruppa å løfte fram på scena.
Bli med på Rebell-framsyning 10. desember klokka 19.00 på Rommen Scene!
Gratis inngang – alle er velkomne!
Adresse: Karen Platous Vei 31, 0988 Oslo













Kommentarer