top of page

Kurs i Standup med Jonis Josef


Jonis Josef

Har du ein komikar i magen? Då kan du utvikle deg ved å vere med på kurs med Jonis Josef.

Jonis Josef er norsk-somalisk og har drive med standup i 3 år. Han har på kort tid opparbeida seg eit stort namn, er svært fagleg dyktig og engasjert. Jonis meiner at spesielt innan minoritetsmiljøet er det mange morosame menneske som ikkje får uttrykt seg gjennom humor.

Med eit kurs kan desse potensielle komikarane blomstre. Her blir det vitseskriving, vegleiing, føredrag og til slutt kan du prøve deg på scenen med ein fersk tekst. Og den komikaren som viser størst potensiale skal få vere med på Jonis sitt neste show «Svensk tilstand».

Kurset er for ungdom mellom 13 og 17 år. Du kan vere ny eller ha erfaring. Første gang er det opent for alle og etter det plukkar Jonis ut utøvarane som er mest seriøse.

Kurset går over 6 kveldar, og finn stad på Jordal skole.

Første dag er 30. november

Kurset er gratis.

Send ein e-post til post@mangfaldige.no med namn, alder, telefonnummer og nokre setningar om kvifor du vil vere med på kurset. Skriv «STAND UP» i emnefeltet.

Arrangør: Den mangfaldige scenen i samarbeid med Jonis Josef.

Meld deg inn i DMS. Det kostar kr 50,- pr år og du kan vere med på andre kurs og får fribillett påprøveframsyningar på Det Norske Teatret og i Nynorskens hus.

siste nytt
ARKIV
bottom of page