top of page

Gullfebla – Nye framsyningar 2020


To gamle karar har i mange år reist land og strand rundt for å høyre folk fortelje historier, for så å skrive dei ned i ei bok. Karene er slitne og boka stappfull og kan bli ein nasjonalskatt. Men dei treng eit siste eventyr som ein perfekt avslutning Og så møter dei igjen Berthe Tuppenhaug…

ei skrøne,

ei komedie om eventyrsamlarar og gamle kjerringer,

om trua på at ein kan gjere noko stort med livet sitt

I «Gullfebla» møter vi to gamle karar som samlar på eventyr. Dei reiser land og strand rundt for å høyre folk fortelje historier, for så å skrive dei ned i ei bok. Boka er etter kvart blitt stappfull av eventyr og forteljingar, og dei to karane er slitne av å vandre land og strand rundt, (dei er tross alt over åtti år, minst) og tenkjer at dei no snart har samla samen nok, at dei no er klare for å gi ut boka. Det skal bli ei fantastisk eventyrbok, stappfull av eventyr, ein nasjonalskatt rett og slett!

Ettersom dei to gamle karane har vandra og reist så mykje i sitt vaksne liv, har dei ofra mykje av familielivet. Koner og barn har dei ikkje sett så mykje til. Eit praktverk av ei eventyrbok som bevarer folkeeventyra for all framtid er kanskje ei god unnskyldning for at dei har vore så mykje borte. Så dei samlar ikkje berre samen eventyr for nasjonen sin del, (eller sin egen del), nei, dei samlar også saman eventyr for dei der heime, sånn at koner og barn får noko dei kan vere stolte av!

Når framsyninga byrjar er dei to karane, som forresten heiter Asbjørnsen og Moe, på veg til ei gamal kjerring som bur langt oppi Krokskogen. Kjerringa heiter Berthe Tuppenhaug. Asbjørnsen og Moe håpar at Berthe skal fortelje dei eit ordentlig godt eventyr, eit eventyr som er så spanande og flott at det kan fungere som den perfekte avslutninga på eventyrsamlinga deira, krona på verket rett og slett!

Framsyninga «Gullfebla» er ei skrøne, om eventyrsamlarar og gamle kjerringer, om trua på at ein kan gjere noko stort med livet sitt. Samstundes handlar det om at ting ikkje alltid blir slik ein hadde håpa på. Framsyninga er ein komedie. Men i botnen tar ho tak i spørsmål som er relevante for oss å reflektere over: har det vi tenkjer på som typisk norsk, eigentleg noko med «det norske» å gjere? Eller lagar vi stadig nye versjonar av kva som er typisk norsk, basert på korleis vi ønskjer at «det norske» eigentleg skal vere?

Skodespelarar:

Adanne Lin-Ji Ezimoha Sætereie

Alba Regine Arnesen Alina Holtan

Bergljot Heyerdahl Skagestad

Christiane Torp

Olivia Ringdal

Hedda Marie Bøe Svensholt Helena Martens

Jasmin Mellembakken Johannes Sandvik Jonathan Antonio Thrane Storsve Melina Ismini Karantonis

Manus og regi: Erlend Samnøen Instruktør: Morten Espeland

Regiassistent: Jon Werede Hope Scenografi: Dagny Drage Kleiva Lysdesign: Jøran Normann Kostyme: Line Jeanette Antonsen

Maske: Live Becker Knudsen

Inspisient: Kjetil Solberg Stavenes

Produsent: Den Mangfaldige Scenen ved Liv Hege Skagestad

NYE FRAMSYNINGAR 2020

Måndag 3. februar 2020 kl. 10.00 og 12.30 (for skular/grupper)

Tysdag 4. februar 2020 kl. 10.00 (for skular/grupper)

Torsdag 6. februar 2020 kl. 10.00 og 12.30 (for skular/grupper)

Måndag 10. februar 2020 kl. 10.00 og 12.30 (for skular/grupper)

Onsdag 12. februar 2020 kl. 10.00 og 12.30 (for skular/grupper)

siste nytt
ARKIV
bottom of page